Bli kjent med teamet - Iver
15 September, 2019
Det er ansatt flere medarbeidere siden oppstarten av Digital Revisor i 2017. I fjor ble Iver ansatt rett fra skolebenken, og bidrar i dag til flere arbeidsoppgaver på kontoret. Han har hatt en svært bratt læringskurve, da han har jobber mye med revisjon i tillegg til markedsføring av Digital Revisor og Revisorgruppen.
1. Hvem er du?
Iver Eide, 25 år gammal frå Sandane i Gloppen kommune.
2. Hva jobber du med i Digital Revisor, og hvor lenge?
Eg har ei todelt stilling der eg får jobbe med marknadsføring i Digital Revisor på eine sida, og revisjon i Revisorgruppen Fjordane på den andre. Verksemdene er forøvrig i same lokale.
Erfaringa eg får frå revisjonsdelen trur eg er gull verdt under utviklinga av Digital Revisor. Dette fordi eg sjølv får oppleve kva som kan forbetrast og forenklast for ein meir effektiv arbeidsprosess. Dette gir meg eit godt grunnlag for å bidra til å løyse reelle problem ein revisor eller rekneskapsførar jobbar med kvar dag. Eg vart tilsette i eit års engasjement i november 2018, men har i seinare tid fått fast stilling.
3. Erfaring/utdanning
Våren 2018 fullførte eg ei bachelorgrad i "Markedsføringsledelse" ved Handelshøyskolen BI i Bergen, og året før tok eg eit årsstudium i bedriftsøkonomi i Sogndal. Eg hadde verken arbeidserfaring innan økonomi eller marknadsføring før eg vart tilsett her.
4. Hva liker du best med jobben din i Digital Revisor?
Det eg set mest pris på i denne jobben, er at eg stadig lærer noko nytt. Sidan eg har ei litt ukonvensjonell stilling, ser eg på dette som ein unik måte til å ta til meg kunnskap og knyte desse fagområda saman. Dette håper eg vil gjere meg til ein nyttig ressurs. Eg får også ein meir spennande kvardag ved at eg kan variere arbeidsoppgåvene mine.
5. Hva liker du mest med plattformen til Digital Revisor?
Eg meiner den største fordelen med plattformen er at ein får alle produkta på same stad. Det finnast mange enkeltløysingar for kommunikasjon, fildeling, regnskapsanalyser, digital signatur, etc., men når alt dette er i same portal, vil eg som revisor spare mykje tid. Den har også revisjon- og rekneskapsplanleggar, som gir betre oversikt over alle prosessane ein må gjennom for kvar kunde. Dette er essensielt for ein effektiv arbeidsprosess.
6. Hva liker du å gjøre i fritiden?
På fritida likar eg å halde meg aktiv, enten det er styrketrening eller fjellturar. Eg reiser gjerne til Sandane eller Bergen i helgene og møter vener og bekjente. Ellers er eg hobbymusikar, og likar å ha føre meg prosjekt der eg kan bruke mine kreative sider.